Meny

Hans Jørgen Neset

Hans Jørgen Neset vart fødd 1. mai 1952 i Modalen, ein liten kommune i Hordaland fylke. Han trakka sine barnesko på garden Neset, som ligg omtrent midt i dalen. Dei sju fyrste skuleåra gjekk han på folkeskule på Hugnastad. Lærarane hugsar han som ein blid gut, alltid med eit smil på lur. Etter fullført folkeskule måtte han til Ostereidet i Lindås kommune for å gå på ungdomsskule. Einaste løysinga for Hans Jørgen vart då å bu på hybel i Bjørsvik alt frå 13-årsalderen. 

 

Etter reallinja på gymnaset der også laurdag var skuledag, studerte han matematikk på Universitetet og tok datakurs i militæret. Så vart det jobb på dataavdelinga på Vestlandske Salslag (Gilde) i Bergen, etterkvart som EDB-leiar. Parallelt med jobben på Gilde tok han kveldskurs i økonomi på BI. 

 

Hans Jørgen gifta seg med Reidun Tellevik i 1973. Borna Linda (1973) og Jannike (1974) fylgte tett på. Tina vart fødd i 1987, etter at dei hadde flytta tilbake til Modalen.

 

At han kom tilbake til Modalen i 1978 var litt tilfeldig. Jobben som kommunekasserar var ledig, Hans Jørgen søkte og fekk den. Her førte han det kommunale regnskapet og hadde mellom anna ansvar for momsoppgjer og lønnskjøringar i over 10 år.  På kommunekontoret vert han skildra som ein flott kollega som det var lett å samarbeida med. Han var nøyaktig og pliktoppfyllande, med god arbeidskapasitet og erfaring. Han var ellers ein mann med godt humør og triveleg på alle måtar. 

 

I 1983 bygde Hans Jørgen og Reidun seg nytt hus på Øvre Helland. Han kjøpte sin fyrste verkelege PC i 1984 og starta utviklinga av eit rekneskapsprogram i rein begeistring over datamaskina si kraft og potensiale. Han valde rekneskap fordi det var det han jobba med og kunne godt.  Han selde sitt fyrste system allereie i 1986. Same år etablerte han Uni Micro. I 1989 var kundemassen vakse til over 90 kunder.

 

Dei første åra gjorde Hans Jørgen det som mange gründere må, han gjorde alt sjølv. Det vart mykje arbeid i tillegg til jobben som kommunekasserar. Heile familien trådde til, dei svara på telefonar, vaska golv og pakka diskettar. Uni Micro var verkeleg ei familiebedrift.

 

Litt utpå 90-talet hadde kundemassen auka, nye utfordringar kom i samband med Microsoft si lansering av Windows. Hans Jørgen sa til slutt opp jobben som kommunekasserar og satsa fullt på Uni Micro. Fleire folk fekk arbeid i firmaet og i 1997 vann han sin første, men ikkje siste, nasjonale pris for beste økonomisystem. Etter det gjekk det fort framover. 

 

Heile 2000-talet leia Hans Jørgen Uni Micro med trygg hånd framover til nye bragder. Han var med på å utvikle tre generasjonar rekneskapssystem. Dos-versjonen, Uni Økonomi for Windows og Uni Økonomi V3 som i dag vert nytta av over 35 000 brukarar. I tillegg er han hjernen bak "Digital sekretær" ein funksjon som no er tilgjengeleg for mange tusen kundar på nett. I dag har Uni Micro nærmare 100 ansatte. Hovedkontoret er framleis i Modalen, men vi har også kontor i Bergen, Haugesund, Oslo, Trondheim, Stavanger, Molde og Bodø.

 

Ansatte og kollegaer skildrar Hans Jørgen som den beste sjefen ein kan få. Han var fagleg svært flink og arbeidsom. Han gav sine ansatte stor tillit, med urokkeleg tru på deira evne til å levere. Han var omsorgsfull og hjelpsam og ville alltid det beste for sine ansatte og kundar. Han var blid og hadde alltid ein god kommentar på lur. Livet var mykje arbeid, men han hadde også tid til morro. Han var spøkefull og leiken. Tonen var lett. Han kunne vere skeptisk til mange nye ting, samstundes som han var svært innovativ. Han var ein teknisk og teknologisk foregangsmann. Motviljen hans mot å ta opp lån og leve over evne har, sakte men sikkert, bygd opp Uni Micro til ei sterk og solvent bedrift som godt tåler svingningar i marknaden.

 

I 2013 mottok Hans Jørgen Noregs Vels sølvmedalje (Gründerprisen) for ha starta IT-bedrifta Uni Micro, og fordi han gjennom sitt engasjement og arbeid har bidratt til å skape nye arbeidsplassar, optimisme, framtidstru og tilbakeflytting til lokalsamfunnet. 

 

Dei siste åra av livet vart Hans Jørgen svært sjuk. Kjærast gjennom dei 10 siste åra, Kari Mo, vart då til stor støtte for han. Dottera Jannike Neset tok over som dagleg leiar i 2010 og har dei siste seks åra leia Uni Micro vidare i sin far si ånd.

 

Det er med stor sorg, men også med stor takksemd, vi vil lyse fred over Hans Jørgen Neset sitt minne.

 

Venner, kollegaer og ansatte i Uni Micro AS

 

 

Org.nr: 959415900
Øvre Helland
5729 MODALEN

Tlf. +47 56 59 91 00
salg@unimicro.no
Følg oss: